Gards- og ættesoge for Voss, Vangen sokn

Voss bygdeboknemnd skal skriva gards- og ættesoge for Vangen sokn. Vangen sokn er identisk med gamle Voss kommune, det vil seia noverande Voss kommune unnateke Vossestrand og Evanger.

Ættesoge betyr at omtrent alle familiane som har budd i området, frå kring 1700 og fram til vår tid, vert opplista. Familiane vert førde under eit gardsnummer og på det bruksnummeret som eigedomen har.

I tillegg vert det korte avsnitt om gardane og om gardsbruka. Arbeidet starta i september 2015, og Åsmund Ohnstad er tilsett som redaktør.

NB  Vossaboka bd. 1, gards- og ættesoge for Kolle-Raudstad, vart utgjeven i januar 2018. Boka er på kring 750 sider og kan kjøpast i Voss Bokhandel og Ark Bokhandel, Amfi. Ein kan bestilla boka hjå Voss kommune:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Prisen er kr. 500 + porto.

Om framdrift

Etter utgjeving av den første boka reknar me med at det vil gå 1–2 år mellom kvar bok. Truleg vert det 5–7 bøker for heile området. I startfasen vil me skriva av opplysningar frå Lars Kindem sine bygdebøker, utgjevne i 1930-åra. Bygdeboknemnda fekk utført eit arbeid i 1970-åra, og det kjem til nytte no. Elles vil ein nytta arkivverket sitt kjeldemateriale, slik som kyrkjebøker, folketeljingar m.m.

Medlemer i Voss Ættesogelag har drive med slektsforsking i mange år, og dei vil bidra med sin kompetanse.

Alle bustader i kommunen er førde under ein gard og eit gardsnummer. Me starta med Kolle, gardsnummer 1, lengst vest i gamle Voss kommune og føl gardsnummera oppover. Den første boka inneheld familiar/ bustader i Vestbygdi, Dyrvedalen og delar av Gullfjordungen til og med Raudstad, gnr. 41. .

Bruk av skjema

Arkivverket sitt kjeldemateriale går fram til kring 1920. For å få tak i personopplysningar for dei siste hundre åra, vil me ta i bruk eit spørjeskjema som vert utdelte til husstandane. Skjemaet vil vera tilgjengeleg på prosjektet si heimesida, med høve til å levera inn skjemaet frå heimesida via eit elektronisk skjema. Me håpar på god respons, for det vil letta arbeidet og redusera kostnadene.