Vossaboka

Voss bygdeboknemnd skal gje ut ei gards- og ættesoge for gamle Voss kommune, og har knytt til seg den røynde bygdebokforfattaren Åsmund Ohnstad for å gjera dette arbeidet.

I 1964 slo Evanger, Voss og Vossestrand seg saman til ein ny kommune, som fekk namnet Voss. Evanger og Vossestrand har relativt ferske gards- og ættesoger. Roald Lyngvær gav ut Ættebok for Vossestrand i 1971, og seinare kom Gardssoge for Vossestrand – Vinje sokn (skrive av Torstein Hellesnes, 1972), og Gardssoge for Vossestrand – Oppheim sokn (skrive av Hellesnes og Johannes Gjerdåker, 1980). Gjerdåker gav saman med Lars Schjærven ut Gards- og ættesoge for Evanger i to band, 1982 og 1984. I 2013 kom ei oppdatert Ættebok for Vossestrand, som dekte tida frå 1900 fram til i dag. Alle desse bøkene er gjevne ut av Voss bygdeboknemnd.

To av dei tre kommunane som slo seg saman i 1964 er altså godt dekte, men for den tredje er der store hol. Lars Kindem var forfattar for Vossaboki, som kom i fire band 1933–38. Det fyrste bandet handlar om Vangen, deretter kjem det tre band med gards- og ættesoge. Det Kindem skriv om gardar i desse bøkene er godt, medan det er mange hol i ættelistene. Han følgjer ikkje opp alle ungane i ein familie, som regel nøyer han seg med han eller ho som tek over gardsdrifta. Det står heller lite om husmenn, slik at mange som leiter etter si eiga familiehistorie i desse bøkene fort køyrer seg fast.

Det er dette holet me no ynskjer å tetta. Me vil laga ei fullverdig ættebok for gamle Voss kommune, med ættelister som går fram til i dag. Og då verkar det òg rett å oppdatera gardssoga.

Om forfattaren

Åsmund Ohnstad er fødd i 1950, har vore busett i Gudvangen sidan år 2000 og i dei siste tre åra delvis på Voss. Utdanninga er frå Universitetet i Bergen med norsk, engelsk, sosial-økonomi og med hovudfag i historie.

Han har tidlegare i periodar arbeidd som lærar, i grunnskulen og i vidaregåande skule, og som turistguide for passasjerar på cruiseskip i Flåm, Eidfjord og Vik.

Åsmund har skrive Gards- og ættesoge for Undredal og Nærøy (2006), ættesoge for Aurland og eit par andre bøker, m.a. historia til Fotballklubben Voss (2000). Han var òg redaktør for Ættesoge for Vossestrand som kom ut i 2013.

Det har blitt nokre artiklar i Gamalt frå Voss og Gamalt frå Stronde, no seinast i 2015 i det sistnemnde skriftet, ein artikkel om utviklinga i folketalet i Vossestrand.

Utvandringa til Amerika har vore eit særleg interessefelt, og det har blitt mykje kontakt med norsk-amerikanar gjennom meir enn 20 år.