Folketeljinga 1801

I 1801 vart den første grundige folketeljinga halden. Personane vart førte opp familievis og på den garden dei høyrde til. For garden Skulestad er fylgjande skrive:

Holger Aadsen, Huusbonde, 40 Aar, Enkemand, Bonde og Gaardbeboer, Aad Holgersen, hans Søn, 10 Aar, hos Faderen, Anders Holgersøn, 7 Aar, hans Søn, hos Faderen, Aad Holgersøn, hans Fader, 73 Aar, har Ophold af Gaarden, Brita Christensdtr. hans Moder, 73 Aar, har Ophold af Gaarden, Joen Aadsen, disses Søn, 36 Aar, Inderst og Daglønner, Siur Aadsen, dennes Broder, 29 Aar, Inderst og Daglønner, Marita Aadsdatter, Pige, 36 Aar, aars tjeneste, Mikkel Nilssøn, Huusmand, 39 Aar, ved Jordv: Plads, Kari Torbjørnsdtr., hans Kone, 43 Aar.

Merknad: Inderst betydde at dei hadde eige hushald, men budde gjerne i same huset som bonden. Husmannen hadde eige hus.  (skrive her 14/9-2018).

Ivar Norekvaol

Da va ein Ivar Norekvaol so va ain sliku skjelm. Ein gong skje han skjussa ein kaftain. Da va tilæ om morgun,å Ivar va kje uppe. Kaftaid`n va kominn i tunæ å sto dar å venta. Dar flaug`an Ivar te ut i berre udlinne å burt te kaftainæ. " Eg har ikkje oyk, eg, nett so hitt-folkje; eg har ikkje ant eldù eit fyl. Men eg ska bera deg! Stig uppao den staid`n, so ska eg raisa mè deg" - Kaftaid`n trudde mann`va gal`n, å tuska seg te å raiste. Frå Knut Bjørås: Or gommol ti, 1942.  (skrive her 30/5-2018).  

Ølausa på Leidal

Joans å Marta Rogne hadde ei dottùr aitte Brita. Ho vatt gjift te Laiddals. Pao Laiddal hadde dai ei stor ølausa. Ho tok ai skjeppa. Haimkommedagjinn hadde dei tapp'inne fudl mè øl, å so skje dei prøva ken so greidde å ta'ne mè ei hònd å drikka tao'ne. Dao va dar ingjinn i hailo lagjæ, are eldù festarpiko, so graidde da. Naor ho va pao støle, å smågutane kommù ette klyv, la ho upp klyve 'laina. Ho tok fystù aine kagjinn å hekta upp i sal'n, å hevja so dan are yve hestaryggjinn å fekk han pao plass.

Merknad: ei skjeppe = lokalt varierande rommål frå 17 liter og oppover. Brita vart gift 1799 med Torstein Leidal.. Frå Knut Bjørgås: Or gommol ti, 1942.           (skrive 23/3-2018)  

Knut Ullestad betalte ikkje avgiftene

I mars 1684 stemna presten Miltzow bonden Knut Ullestad for retten og referatet lyder slik:  Han hafde saaet sin brugede Jord som er 1 1/2 Løb vdj vfrelst thuende gange Nemlig 82 och 83 Aar. Knud Møtte och sagde at M. giert gaf hanem for sin fattig doms schyld forlof at saae sin Jord 82, men 83 saaede Knud wden forlof, Knud sagde at han for faae dage siden hafde bøden M. Gert 5 Rdr vdj foræring for sin forsømelse at han iche har betalt sin tridie tage i Rette tid, och derfor vden vill betalle begge thridie tage, och klaget sig at det war iche forsømt af hanem af nogen thraadisghed, Men af fattigdom. (frå Voss tingbok nr. 15, avskrift ved Anna Kløve).

Kommentar: 1 1/2 Løb = eigenleg 27 kg smør, viser avgifta og storleiken på bruket, vdj = udi,  thuende = to, M.giert = presten Gjert Miltzow, wden = uden, tridie tage = avgift som skulle betalast kvart 3. år. Det vart forlik i saka sidan Knut ville betala (skrive 29/1-2018).

 

Om Finnegodset

Lars Kindem refererer ofte i sine bygdebøker frå 1930-åra til Finne-godset. Dette var ei samling av jordeigedomar og rettar, og det heile starta på Finne tidleg i 1300-åra. I 1319 er det meldt at Peter Bonde, på Finne eigde garden Finne og noko anna jord. Han kjøpte på den tid ein fiskerett i Vosso. Kring 1380 gifte Botolv Eindrideson, frå Sogn seg med Åsa Håvardsdotter Rogne, og dei overtok Finne og andre eigedomar. Magnhild Oddsdotter, frå Rogne, ein slektning av Åsa, gifte seg i 1450-åra med hr. Alv Knutson, riksråd og ei tid lensherre på Bergenhus. Alv arva mykje jordegods og kjøpte mykje over store delar av Norge. Det opphavlege Finnegodset vart då ein mindre del av det heile. Alv og Magnhild budde lengste tida på Austlandet, men Magnhild er busett på Finne nokre år før ho døydde kring 1499.

Deira son, Knut, arva eigedomane. Han var ei tid høvedsmann på Akershus arbeidde for å lausriva Norge-Sverige frå Danmark. Knut vart avsett av kongen i 1499. Han drog inn i Sverige for å samla støtte for saka, kom tilbake og inntok Akershus festning. Ei tid etter vart han drepen då han skulle forhandla med kong Hans, konge over Danmark-Sverige-Norge. Kongen tok då over alt Finne-godset. Knut hadde dottera Bodil, og ho fekk overta det godset som faren hadde hatt. Dottera til Bodil, Gyrvhild Fadersdtr., busett seinast i Skåne, fekk overta godset og meir til. Ho hadde ikkje born som voks opp og skøytte det heile til kongen i 1582. Samlinga av jordegods bestod då av 600 gardar, av desse 32 under Finne-godset. Etter 1650 selde kongen jordegodset, og ulike embetsmenn vart eigarar. Frå kring 1680 begynte dei å selja vidare, og smått om senn vart bønder og lokale folk eigarar av det heile. På den tid omfatta Finne-godset eigarpartar i 69 gardar (skrive av red. 12/12-2017).  

Vossaboka band 2

Me er no i gang med band2. Denne boka vil omfatta gardane frå Seim gnr. 42 til området Leidal-Hefte. I Skulestadmo og Skjerpesfeltet er det mange nye eigedomar og difor litt vanskeleg å berekna kor stor plass dette området vil krevja. Når det gjeld området frå Seim til og med Ringheim gnr. 50, så vil me i denne boka skriva om gardsbruka, småbruka og husmannsplassane, det vil seia dei familiane som hadde noko jord og inntekt av den. Alle huseigedomar som ikkje er knytte til jordbruk vil verta omtala i ei seinare bok om Vangen som bygdesenter.

I dei komande vekene vil me dela ut ætteskjema til husstandane. Me ynskjer gjerne opplysningar om dei 2-3 siste generasjonane, for her er det avgrensa tilgang på offentlege kjelder. Boka vil innehalda ættesoge frå kring år 1700 og fram til vår tid. Me vil òg dela ut eit spørsmålsark til dei som har gardsbruk og småbruk. Planen er å gje ei kort framstelling av drifta i åra etter kring 1940. Me vil ikkje skriva opp att det som er skrive i Lars Kindem sine bøker frå 1930-år. Me håpar at folk vil ta seg litt tid til å fylla ut skjemaa, slik at boka blir så fullstendig som mogleg. (skrive av red. 23/11-2017). 

 

Olav Dolve  (1912-1987) - humorist og tradisjonsberar.

Olav var gardbrukar på Dolve og han skreiv dikt. I 1948 gav han ut ei samling av dikt og vers: "Lausekar - med noko til". Eirik Røthe skreiv i 1989 mellom anna dette om Olav: " Å få vera med Olav å gå gjennom det vesle musèet hans på heimegarden Dolve var ei oppleving. Han var ei sikker kjelde til sovel bruksmåtar som namn og nemningar på gamle bruksting. Og utgreiinga hans var gjerne krydra med anekdotar, herme og reglar frå farne tider. Humoristen og den alvorlege kunstnaren gjekk støtt hand i hand". Eit av dikta i samlinga heiter "Livskunst - kunsten å leva. Her følgjer eit utdrag:

1. vers  Ein har slik hug til å eiga                           2. vers        Ein har slik ein hug til å æta

             alt so æ i vaor verd                                                    tao adl dan gode mat      

              Bruka laona og leiga                                                  Og drikka tao adl den væta 

              alt som kringum oss er                                               so finnst i kopp og i fat

              Ei uendelegheit so ein ikkje kan telgja                          Uteljande sorta her æ te å svelgja

              Kunsten da æ å vraka og velgja                                    Kunsten da æ da besta å velgja

(skrive her på sida 11/5-2017)

 

Gards- og ættesoge for Voss (Vangen sokn)

Band 1 er planlagt utgjeve hausten 2017. Boka vil omfatta området frå gnr. 1 Kolle i vest til gnr. 41 Raudstad mot aust. Boka blir i hovudsak ei ættesoge, der dei aller fleste familiane frå kring 1700 til 2017 er lista opp. I tillegg vert det korte tekstar om gardane og om gardsbruka og småbruka i seinare tid.

Det blir bilete av tun og hus frå tida kring 1960 og frå nyare tid. I tillegg ynskjer me andre typar bilete. Det bør helst vera bilete utandørs, av folk i arbeid og aktivitet. Det kan vera bilete av arbeid med hesten, folk og dyr på stølen osb. Eit par bilete av gamle traktorar bør vera med, eldre bygningar som no er borte osb. Det kan òg vera gruppebilete av oppstilte folk, men då utandørs og helst før 1960.

Dei som har bilete heime hjå seg, som dei meiner kan brukast, kan ta kontakt med redaktøren på tlf. eller e-post. Ein kan òg snakka med Magne Berge i Vestbygdi. Han er aktivt med på bokprosjektet (skrive 12/4-2017).  

 

Mass Sæve

Mass Sæve vart fødd kring 1645 i Fresvik i Sogn og kom til Voss kring 1660. Han var først dreng hjå presten Gjert Miltzow, vart sidan gift med ei enkje og vart buande på Sæve. Han var gift tre gonger, siste gongen i 1715, men døydde berre nokre dagar etter bryllaupet. Mass var lensmann frå 1686-1706. I tillegg til lensmannsombodet dreiv han garden på Sæve, og han hadde ein stor kapital etter seg då han døydde. Han var ein stødig kar, men og kjend for sine snurrige svar og særeigne veremåte. Ein dag drengen skulle køyra møk kom han til Mass og spurde han: "Kvar skal eg leggja møka? Køyr ho på elva, din gap", svarte Mass. Då Mass kom bort på bøen om kvelden, såg han ikkje noka møk, og han spurde drengen: "Kvar har du lagt møka?. Eg gjorde som du sa", svarte drengen, "eg køyrde ho på elva".  

Då Mass døydde, vart han gravlagd under kyrkjegolvet i Vangskykja. Dette hadde han bestelt og betalt for på førehand. Han fekk mange etterkomarar, og i 1921 reiste dei ein minnestein over han på Sæve (frå Vossebygdene, 1927, skrive av red. 10/3-2017).   

Utvandringa til Amerika

Utvandringa til Amerika kom i gang for fullt midt i 1830-åra. Frå Voss reiste fem personar i 1836, 75 i 1837 og 51 i 1839. Sidan var det emigrantar kvart år, og 1850 var eit toppår med kring 400 personar. Det skulle vera 4,5 % av folketalet. I desse åra var det ei lang reise. Seglskipa brukte frå Bergen til New York 3-4 veker på ferda. Frå New York drog emigrantane med dampskip nordover på Hudson-elva. På ei strekning var det lektarar som vart dregne av hestar. Neste etappe var ei reise med dampskip på dei store sjøane, Lake Erie, Lake Superior og Lake Michigan. Etter det kom dei til det området ved Chicago. Nokre vart verande i byen, men dei fleste for vidare med okse og vogn inn i staten Wisconsin   og slo seg ned der. Ei slik amerika-reise varte gjerne frå to til tre månader.

Ein av dei tidlege emigrantane var Nils Sjurson Giljarhus, f. 1807, på Dyrvedalen og utvandra 1839. Han kom til Dane County, Wisconsin, gifte seg med Randi T. Ægdal, og dei fekk ni born. Nils hadde vore smed på Voss, hadde reiskapar med seg heimanfrå, og Knut Rene fortel i si bok at Nils var den første norske smeden i Dane County. Men ulikt dei fleste andre kom familien til å flytta på seg fleire gonger. I 1843 selde dei garden og flytte lenger vest. Dette gjorde dei ein gong til før dei i 1856 reiste til Dodge County, eit godt stykke inne i Minnesota. Det er uvisst om alle borna voks opp, men dei fleste av dei var nok med dei. I 1881, i ein alder av 74 år, drog Nils og kona vidare nordover og vestover til Nord-Dakot og etablerte seg på nytt. Der døydde Nils i 1890 og kona i 1893 (skrive 10/2-2017).  

Handverkarane på Bulken

Opninga av Vossebana i 1883 skulle bli starten på eit nytt bygdesentrum for Vestbygdi og Dyrvedalen. Alt året etter var Bulken Meieri i drift. Kort tid etter kom det landhandlarar og handverkarar hertil. Foketalet auka jamnt framover, og mellom desse var handverkarar som hadde drive ute i krinsane, men òg slike som kom langvegs frå og slo seg ned her. I året 1900 vart to kvinner som kalla seg strikkersker. Det var Brita Godskalksdotter Opheim og Guro Johannesdotter Flage. Guro kjøpte seg etter kvart strikkemaskin og tok imot bestillingar. Det kom to skomakarar hit, den eine frå Dale i Sunnfjord og den andre frå Øystese. Dei leigde seg rom hjå Guro og Ole Flage, som hadde bustadhus her. Ole Flage, gift med Guro, var omreisande vevskeihandlar før han slo seg ned på Bulken i 1889 og noko seinare starta opp som landhandlar. Han sette òg opp ei sag nedanfor jarnbanelina rett nedanfor Bulken stasjon. Her saga han tunnbord og byrja å produsera trekassar for sal til ymse føremål. I tillegg starta han opp med produksjon av rullegardiner, "Bulken rullegardinfabrikk". Så dreiv han bakeri i samband med landhandelen.  I 1908 fekk Knut Olavson Træen skilt ut ei tuft, og han bygde hus til seg og familien. Han var skomakar og dreiv her i omlag 10 år før han flytte heim til Træen for å overta farsgarden.

Frå om lag midten av 1920-åra kom det skreddarar til staden. Den første var Ole Alnes frå Romsdalen. Han hadde med seg fleire skreddarar og syersker. Ein av dei var Melchior Teigen frå Hafslo. Han arbeidde ei tid hjå Alnes, men starta eiga bedrift i eige hus i 1940. Hjå han var det 3-4 tilsette frå grendene kring Bulken. Magne Holtan kom etter Alnes, men han hadde drive verksemd ei tid i Bergen. Han hadde òg med seg fleire skreddarar. Til ei kvar tid var det 4-5 skreddarar i arbeid. Anders Møen kom hit, arbeidde ei tid hjå Ole Flage og starta så eige bakeri i 1933 i eit hus han hadde kjøpt. Etter kvart kom sonen Norvald med i drifta. Bakeriet var i drift fram til 1969, då det gjekk inn i Voss Fellesbakeri. Eirik Hæve starta opp snikkarverkstad i huset sitt i 1948. Han arbeidde trepper, dører, vindaugo, kjøkkenmøblar og ymse møblar. I verkstaden hjå han var det fleire tilsette, på det meste 4-5 mann. Eit av dei husa som var mykje nytta til utleige var "Centralen", i dag Finnerud/Pettersen. Her budde og dreiv: Strikkersker, skomakarar, syersker, tunnemakar, ein som laga sengemadrassar, ein agent for symaskiner og fleire. (skrive etter notat frå Magne Berge og lagt inn 14/1-2017).                                               

Gards- og ættesoge for Voss, Vangen sokn.

Bind 1 i denne serien vil omhandla området frå Kolle, gnr. 1 til og med Raudstad, gnr. 41. Planen er å gå rundt heile Vangen sokn og enda opp med gnr. 254 Skylje. Sentrumsområdet, Vangen med nærliggjande bustadfelt vil koma til slutt. Binde 1 er tenkt utgjeve hausten 2017. Bøkene er i hovudsak ættesoger, men me vil ha tekstar om gardsbruka og småbruka, tekstar som gjeld tida etter 1950. Den eldre historia til gardane er omtala i Lars Kindem sine bygdebøker som kom ut i 1930-åra.

Historia til småbruka er òg interessant. I perioden ca. 1880-ca. 1980 var det mange som kombinerte eit arbeid, stundom sesongarbeid, med inntekter frå husdyrhald/ potetdyrking på småbruket. I den tida var ikkje lønene så høge, og det var gjerne 3-4 eller fleire born i familien. Inntekta frå småbruket vart dermed viktig. I dei siste tre månadane har redaktøren vore i kontakt med mange gardbrukarar og folk som eig eller voks opp på eit småbruk. Dette arbeidet vil fortsetja utover vinteren. Målet er å kunna visa utviklinga i grove trekk på alle bruka og småbruka gjennom dei siste 50-60 åra (skrive 12/12-2016).

 

Mange reiste til sjøs

I 1960 vart det kring 60 000 norske sjøfolk, dei aller fleste av dei i utanriksfart. Det var mange unge, frå 16-17 år og oppover som reiste til sjøs og dermed raskt kom inn i arbeidslivet. Ein av desse unge var Olav Haga, fødd 1932 på Haga. Han reiste til sjøs som 18-åring i 1952. Han mønstra på bulkskipet "Garnes" eigd av Kristian Jebsens Rederi i Bergen. Olav var på skipet i 18 månader i strekk. Skipet gjekk mest mellom Norge og andre europeiske land. Ein tur dei ofte hadde gjekk mellom Odda og Casablanca i Nord-Afrika. Dei frakta då råvarer til fabrikk i Odda. Etter 18 månaders fartstid gjekk han over til bulkskipet "Solvik" som høyrde til bergensrederiet Wallem. Dette skipet gjekk mykje mellom USA og Sør-Amerika, då gjerne gjennom Panamakanalen. Dei frakta bananer, andre matvarer og ulike typar stykkgods.

Etter to år på dette skpiet gjekk Olav over på Westfal Larsen-skipet "Brandanger". Då hadde dei nokre lange turar til USA. Den lengste turen gjekk frå Europa, over Atlanteren, gjennom Panama-kanalen og nordover langs austkysten til Vancouver i Canada. Denne turen tok tre veker.

Etter 18 år på sjøen mønstra Olav av og kom tilbake til Voss. Han arbeidde på kraftanlegget på Evanger og dreiv elles småbruket på Haga. I 2012 flytte han til Sosialbygget på Vangen og bur der no (skrive 9/11-2016).   

 

 

Bulken meieri

Bulken meieri vart skipa 29. mai 1884. På skipingsmøtet var alle bøndene i krinsane Dyvedalen, Viki, Dalane og Vestbygdi innbodne. Resultatet vart at 84 bønder teikna seg som medlemmer, som til saman hadde 567 kyr. Dette vart såleis det første samvirkemeieriet i Hordaland. Straks etter tok styret kontakt med grunneigarar om å kjøpa tuft til hus. Vossebanen vart opna i 1883, og styret yngste å byggja så nær stasjonen som råd var. Det vart gjort avtale om kjøp av tuft hjå Klaus K. Rekve. 

Huset var teikna av Joachim Grude, som var tilsett som meierimeister av Norges Vel. Tanken hans var at meieriet skulle produsera smør og nøkkelost. Grunnarbeidet vart for det meste gjort som pliktarbeid mellom medlemmane. Sjølve huset vart bygt av byggmeistar Knut Kvåle. Meieribygningen stod ferdig til å ta imot dei første dråpane med mjølk og kom i drift 7. desember 1885. Alt året etter (1886) opna Bulken meiri mjølkeutsal i Bergen. Dette gjekk så bra at dei også opna utsal på Vangen og Dale i Bruvik. Korleis det gjekk med ysting og smørproduksjonen i starten, veit ein ikkje, då bøkene frå den tidlege perioden er borte.

I 1921 vart det gjort vedtak om å melda seg inn i Hordaland meieri. Dette skapte ein del ugreie mellom medlemmane. Det enda med at heile styret i Bulken meieri trekte seg, og tredjeparten av medlemmane melde seg ut or laget og skipa eit nytt meieri. Drifta ved meieriet tok slutt i byrjinga av 1950-talet, og Bulken meieri vart formelt nedlagt i 1967.

Centralmeieriet

Som eit resultat av usemja i Bulken meieri, vart Centralmeieriet skipa 31. mars 1921. Meieriet hadde eit samarbeid med Manger meieri ved at mesteparten av mjølka vart send med tog til Manger meieri sitt mjølkeutsal i Bergen. Centralmeieriet kjøpte av Johannes B. Rongen, eige hus på Bulken til bruk for drifta. No var det to meieri på Bulken. Men det vara ikkje så lenge. Alt i 1941 var det slutt på drifta i "Centralen", som huset til dagleg vart kalla. Laget vart oppløyst og huset vart seldt, og medlemmane gjekk inn att i Bulken meieri. (skrive av Magne Berge, lagt inn av red. 7/10-16).   

 

Den store nordiske krigen

I november 1709 gjekk Danmark-Norge til krig mot Sverige for å vinna tilbake landområde. Denne krigen skulle koma til å vara i 11 år. Soldatane frå Voss høyrde til faste hardangerske kompani. Kompaniet bestod av 150 mann, men i desse 11 åra vart ca. 300 mann utskrivne. Kring 1/3 av kompaniet var vossingar, dei andre var hardingar.

Kompaniet vart sendt til Østfold og var sommaren 1711 med på eit felttog inn i Sverige. Ved årskiftet 1711/1712 vart kompaniet sendt til København, og i dei neste tre åra var soldatane med i kampar i Nord-Tyskland. Danmark var alliert med tyske statar som Sachsen og Preussen. Hausten 1716 gjekk svenskekongen, Karl 12., med sin hær inn i Norge, og faste hardangerske kompani vart saman med andre kompani sendt til Østfold. I desember 1716 hadde svenskane omringa Fredriksten festning, og ein kveld stod Karl 12. ved ei vollgrav og såg bortover mot festninga. Då small eit skot, og kongen fall død om. Kven var det som skaut ?  Det har aldri vorte kjent. Fleire meinte at det var ein svensk soldat som skaut, for òg i Sverige var det misnøye med denne langvarige krigen. Var det ein av soldatane frå Voss eller Hardanger som skaut svenskekongen?  Først i 1720 vart det skriven avtale om fred mellom landa.

Ein av soldatane frå Voss var Hans Olavson Raugstad. Han vart utskriven til teneste i 1709 og kom heim med kompaniet hausten 1719. Om han var heime i denne perioden, det veit me ikkje. Han gifte seg i 1721 med Mildrid Gulleiksdotter Norekvål og vart bonde på Gjerstad, bruk 5. Sonen Olav vart bonde på Bø, bruk 4, og der hadde dei namnet Olav og Hans i 6 generasjonar  (skrive 9/9-2016).

 

Teikninga ovanfor er av Kolbein Johannesson Hovda, fødd 1798, og er laga av Nils Bergslien. Teikninga er no å finna i ei utstelling i Voss Folkemuseum.  Nils Bergslien vart fødd i 1853 og voks opp på garden Berge, bruk 3, i Vestbygdi. Knut og Brynjulv Bergslien var onklane hans. Nils gifte seg 1885 med Johanna Myklatun og busette seg i Eidfjord. Han er mest kjende for store og fargerike måleri, men nokre av teikningane hans må seiast å vera svært gode.

Lars Kindem skriv fylgjande om Kolbein Hovda (1935): Kolbein vart gift 1822 med Sigvor Velomsdotter Berge og var skriven for postdreng då han tok imot garden i 1828. Kolbein var sin eigen snikkar, smed, skomakar og skreddar og arbeidde elles alt som han trong. Grendi søkte råd hjå han for sjukdom på folk og krøter. Kjømeister var han ofte i brudlaup og talsmann i likferder. Postmann var han og ei tid.

Kolbein døydde i 1876, kona i 1892 (skrive 6/5-2016).  

 

Bonde og leiglending

I gamal tid var omtrent alle bøndene leiglendingar. Dei leigde gardsbruket av ein eller fleire eigarar, og dei betalte ei fast årleg avgift, kalla landsskyld. Avgifta vart gjerne betalt med korn, smør og skinn, men kunne òg betalast med pengar. Det var ofte fleire eigarar til same garden, og han som eigde mest hadde gjerne retten til å leiga ut, kalla bygselrett. Det var vanleg at bonden fekk leiga på livstid, men etterkomarane hans hadde ikkje rett til å overta.  

Kring 1700 var berre ca. 15 % av jorda eigd av lokale bønder. Frå denne tid og framover skjedde det ei sakte utvikling mot sjølveige, slik at etter 1800 var meir enn 60 % av jorda eigd av bøndene sjølve. Kongen (staten) var den største jordeigaren, og han begynte å selja ut jord for å skaffa større inntekt. Andre eigarar var byborgarar og embetsmenn. Dei tok til å investera pengane sine i handel og skipsfart, for der vart det etterkvart god forteneste. Bøndene sjølve fekk betre råd, og dei vart i stand til å kjøpa bruka.

På Vestrheim var kongen eigar kring 1650. Han selde garden, saman med mange andre gardar, til den nederlandske kjøpmannen Gabriel Marselis. Kring 1680 var Klaus Miltzow, fut og busett på Mosafinn, eigar av Vestrheim. Klaus var bror til presten Gjert Miltzow og mykje pengesterk. Etter nokre år gjekk eigarskapen over til Henrik, son til Klaus. Ei dotter av Klaus, Inggjerd, vart 1708, gift med Knut Raugstad, bonde på Raudstad. I 1723 er han vorten eigar. Nils Raugstad, dotterson av Ingjerd og Knut, fekk hand om det meste av garden, og han busette seg og vart brukar på Vestrheim kring 1770. Sidan har bøndene sjølve vore eigarar av den jorda dei dreiv (skrive 8/4-16).

 

Skyss-stasjon på Flaga

På Flaga var det frå kring 1840 skyss-stasjon, og Berge Monsson, fødd 1814, var stasjonshaldar. På stasjonen skulle skysskar, hest og vogn til ei kvar tid vera tilgjengeleg. Nokre stader var det skyss-skifte, og då måtte skysskaren kallast inn frå ein av gardane. Skysshaldaren hadde ei liste over skysspliktige bønder, og skyssinga gjekk etter tur.

Lars Kindem skriv (1935) at Berge var rapp på foten. Ofte når det kom skyss frå Evanger til Flaga, sprang Berge straks av stad for å bestilla skyss på Vangen. Her var det i 1840-åra skyss-skifte, og ved bestilling av skyss skulle skysskaren vera klar maksimum 3 timar etter bestilling. Utan bestilling var det maks 1 time venting viss skysskaren budde under 3 km borte, maks 2 timar viss han var under 5 km bort og maks 3 timars venting viss han var under 10 km borte. Når Berge for av stad for å bestilla skyss, kunne dei reisande ta kvilepause i gjestgjevarstova som Berge hadde bygt.

Skysslova av 1816, med seinare tillegg, hadde nøye reglar for all skyssing. Skysshaldaren måtte ha tilgjengeleg stolkjerre, arbeidskjerre, arbeidsvogn, enkeltslede, dobbeltslede og langslede. Reglane for kor stor last ein kunne ha sa at 1 hest med vogn/ slede kunne frakta 1 person og 35 kg bagasje, 2 hestar og firehjula vogn kunne frakta 2 vaksne og 75 kg bagasje, og 2 hestar og slede kunne ta 3 vaksne og 75 kg bagasje.

Skyss-stasjonen på Flaga vart naturleg nok nedlagd då Vossebana vart opna i 1883 (skrive 5/3 2016).

Eide - bruk 2

Eide, bruk 2, er største bruket på Voss med ei skyld på over 11 skyldmark. Storleiken på bruket har vore nesten uendra sidan midten på 1700-talet, kun ein liten vassrett er frådelt. Fisket har hatt ein viss verdi, for bruket har ei cirka 4 km lang strenkning langs Vosso med laksefiske.

Fram til kring 1900 fiska dei med kjer. Eit kjer var ein gang, passasje, bygd av plankar. Framme i denne gangen var det eit stengsel, nokre fjøler eller spiler, der fisken kunne gå inn, men ikkje ut. Dermed vart fisken ståande i eit avstengt rom, og han kunne takast med hov eller klepp. Kjeret stod nokre meter ut i elva, frå elvekanten. Bruk 2 hadde kjer ovanfor Ho-hølen. Kring 1880 kom ein stor stein ned, Storesteinen, landa midt i elva og øydelagde kjeret. Dette vart bygt opp att lenger nede, men vart på nytt øydelagt, då av ein flaum.

Frå kring 1870 begynte både bruk 1 og bruk 2 å leiga ut fiskerett til engelskmenn. På bruk 1 vart det og selt ein fiskeret til ein engelskmann. Retten vart skyldsett og frådelt og fekk bruksnummer 3. Etter 1950 vart fiskerett leigd ut til lokale folk. Det var godt fiske frå 1950 og framover. Kring 1990 vart det omtrent heilt slutt med laksefisket, og som kjent har grunneigarar og fagfolk grunda mykje på kva som var grunnen til det (skrive 8/2-2016).

Om gards- og bruksnummer

Alle landkommunar er delte inn i gards- og bruksnummer. På Voss begynner gardsnummer 1 på Kolle, fortset i stigande rekkefølgje austover i den nordlege delen av kommunen like til øvst i Raundalen, går so vestover på sørsida av kommunen og endar opp med gardsnummer 254 Skylje. Vangen almenning ved kyrkja har gardsnummer 255. Då Evanger og Vossestrand kommunar vart slegne saman med Voss kommune i 1965, vart gardsnumra på Vossestrand lagde til dei for Voss slik at numra for Vossestrand begynner med 257 Bidne og endar med gnr. 351 Øyjordi. På Evanger begynner numra med 352 Hermundsdalen i vest og endar med gnr. 411 Røyrbakken. Denne ordninga kom i bruk med skattematrikkelen av 1886.

Alle eigedomar har fått tildelt eit nummer, eit bruksnummer, innanfor den garden, gardsnumret, dei høyrer til. Nokre gardar har få bruksnummer, andre, slike som Lekve og Rogne, har fleire enn 300 bruksnummer (skrive 12/1-2016).

Bygdebokarbeidet er i gang

Me har no snart jobba i fire månader med gards- og ættesoga. Me har skrive inn opplysningar frå L. Kindem sine bøker og frå bygdeboknemnda sitt arkiv. Gunnar Hemre Ringheim, medlem i bygdeboknemnda, har levert mykje stoff om Vestbygdi. Redaktøren har sendt innskrive stoff til nokre av ættesogelaget sine medlemer. Dei har lese gjennom, rett opp feil, kome med nye opplysningar og returnert stoffet til redaktøren. I byrjinga av desember begynte nokre medhjelparar i Vestbygdi og Dyrvedalen å dela ut spørjeskjema til husstandane. Fram til no me jobba  med området Kolle, gnr. 1 til Røte, gnr. 19. Me reknar med at den første boka vil omfatta området frå Kolle, gnr 1 til og med ein gard mellom gnr. 40 og 48, dvs. til området kring Seim-Finne (15. des. 2015)           

Voss bygdeboknemnd, Regimentsvegen 225, 5705 Voss. E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Tlf. 991 58 328