Voss bygdeboknemnd

Voss bygdeboknemnd er ei kommunal nemnd vald av Voss kommunestyre. Bygdeboknemnda hadde skipingsmøte 18. oktober 1962, med Lars Hauge som fyrste formann. Dei viktigaste oppgåvene var å gje ut gards- og ættesoge for Vossestrand, gards- og ættesoge for Evanger, og ei ålmennsoge for heile Voss kommune. I dei tiåra bygdeboknemnda har vore i arbeid, har dei gitt ut både desse bøkene og ei rekkje andre. Frå 1969 har dei gjeve ut årboka Gamalt frå Voss, der Voss Sogelag og Voss folkemuseum har vore medutgjevarar sidan 1985.

For valperioden 2015-2019 er fylgjande oppnemnde som medlemer i Voss bygdeboknemnd :

  • Audhild Rygg, leiar
  • Gunnar Hemre Ringheim, nestleiar
  • Trygve Dugstad
  • Knut Farestveit
  • Anita Jordalen

Varamedlemmer:

  • Ørjan Myrmel
  • Jorunn Gjøstein
  • Ann Karin Atterås
  • Jan Erik Thon
  • Kirsten Takvam

Voss Bygdeboknemnd har gjeve ut eit rekkje bøker. Desse er til sals hjå bokhandlarar og i Servicetorget på Tinghuset. Her finn du ei liste over desse bøkene.

Voss herad har ei informasjonsside om Voss bygdeboknemnd.